Brev til Suldal Elverk om kabel i Markosvatnet
På bakgrunn av diskusjonen på møtet 15. april er følgende brev sendt til Suldal Elverk:
Suldal Elverk KF
Postboks 134
4239 SAND
KABEL I MARKOSVATNET – ANSVAR
Vi viser til dykkar brev av 28.06.2005 vedr kostnad for framføring av straum til hyttefelt ved Markosvatnet og til samtaler med Ole Jan Herabakka.
Ved kryssing av Markosvatnet er det planlagt å legga ned ein standard jordkabel type TFXP. I samband med dette skriv de:
”Vi har fått opplyst av kabelleverandøren at dei då ikkje vil gje nokon garanti for levetida på TFXP lagt i vatn, samtidig som dei ikkje ser noko problem med denne løysinga. S.E.V.K.F set krab om at eventuelle kostnader med reperasjonar, som følgje av denne løysinga, vert belasta hytteeigarane”
Dette punktet har ført til stor diskusjon og stor bekymring. På den eine sida forstår ein det slik at det er liten risiko ved ei slik løysing, sjølvsagt så lenge kabelen er lagt ned etter elverket sine tilvisingar. På den andre sida vil eit felles reparasjonsansvar hos hytteigarane vera vanskeleg å gjennomføra, i alle fall over tid, sjølv om ein har ei organisert hytteeigarforening. Mange er redde for å ta på seg eit ansvar som ein ikkje heilt anar rekkevidda av. Ein veit ikkje eingong kor mykje ein eventuell utskifting av ein defekt kabel i Markosvatnet vil kosta. Fleire har teke til orde for at ein like godt kan legga ned ein sjøkabel type IFSI, sjølv om dette vil fordyra prosjektet med om lag 5000kr pr hytte. Ei slik løysing burde vera unødvendig sidan både leverandør og elverk meiner at det ikkje er reelle problem knytta til jordkabelløysinga.
Hytteeigarforeninga ber derfor Suldal Elverk om å sjå stort på denne saka, og garantera jordkabelen i vatnet, såframt denne er lagt ned etter dykkar tilvisning og kontrollert etterpå.
Hytteeigarforeninga vil minna om at det vil bli betalt inn betydelege beløp i faste avgifter og linjeleige på eit anlegg som skulle vera enkelt å halda vedlike, -sidan alt ligg i jordkabel.
Helsing
Arne Hope
leiar i Markosvatnet hytteigarforening
.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home