Straumen er kobla til!

Sidan byrjinga av oktober har vi gravd 1700m grøfter og lagt ned 3 kablar i Markosvatnet, beskytta av solide plastrøyr.
Når installatøren har gjort sitt, kan aggregat og solcellepanel pensjonerast, eller brukast som reservestraum.
Rekning på arbeidet vert sendt ut fra elverket på nyåret. Vi kan framleis ikkje sei noko eksakt om den totale kostnaden, men det er ikkje meldt om "bomber" så langt.
Etter avtale med grunneigar, skal det betalast kr. 500,- pr hytte som kompensasjon (sjå avtale annan stad på nettsida) Det vil vera fint om hytteiegarane kunne betala direkte til Marianne Mørk, kto nr 3353 60 36313, innan 10. januar.
Vi minner og om passusen i avtalen om at det ikkje skal stå lys på når det ikkje er folk på hyttene.
Takk til alle for god dugnadsinnsats, spesielt til Tor Eriksen for geniale løysingar for trygg legging av kablane i vatnet, til Kåre Steine for solid maskinarbeid og god organisering. Takk og til Ole Jan Herabakka og Oddvar Klungtveit i Suldal Elverk.
God jul!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home