19 mai 2011

Utskifting av høgspentlinja langs Markosvatnet

Som folk har lagt merke til, så jobber Suldal Elverk med omlegging av høgspentlinja. Siden dette er av interesse for hytteeierne, så tok vi kontakt med elverket. Plansjef Asbjørn Grønås har sendt oss følgende orientering:

"Eksisterande 22kV linje skal byggast om til BLX linje (Isolert 22kV) frå og med der høgspentlinja og elva krysser kommunal veg, like nedanfor Mørk. Linja skal byggast som BLX linje fram til M36 som står på høgde like sør for Markosvatnet, frå denne masta skal det leggast jordkabel ned til og gjennom Markosvatnet fram til ein nettstasjon me har i nordre enden av vatnet.

Vidare så skal det leggast kabel til og gjennom Nøkkjarvatnet og så blir det BLX linje frå nordre enden av Nøkkjarvatnet ned til Tveitane. Mellom M31 og nordre ende av Nøkkjarvatnet så vil eksisterande høgspentlinje bli demontert.

Som De sikkert har sett, så har vi lagt ut midlertidige høgspentkablar på bakken i dette området. Desse må ikkje berørast av folk eller fe sjølv om dei er isolerte.

Arbeidet på første seksjon mellom vegkryss og Markosvatnet har starta opp, helikopterfyking av master mandag 23. mai. Kabellegging i vatna vil truleg foregå i løpet av sommaren (juni-juli). Heila prosjektet bør vera ferdig før vinteren, håpar og på at me får demontert eksisterande linje langs med Markosvatnet i haust. Høgspentkabelen blir ikkje lagt inn i plastrøyr gjennom vatnet, kabelen er tett og skal tole å bli lagt i vatn."

Elverket sendte også med ei kartskisse, der det framgår at den nye høgspentkabelen vil gå i Markosvatnet bort til trafostasjonen, og derifra langs bilvegen bort til Nøkkjarvatnet.