Merking av turar i fjella rundt Markosvatnet
Frå:
Jostein Kleiveland
Til: Hytteforeininga v/Svein Håkon Høyvik
Oslo 19. mars 2014
Bakgrunn
Etter ein prat med hyttenaboane fekk eg
ideen om at vi kunne merke ulike løyper frå Markosvatnet slik at alle kunne gå
turar i den vakre naturen med fjella i nærområdet vårt. Dette vart starten på det som kan bli ”Prosjekt
merking av turstiar rundt Markosvatnet”.
Eg rår til at Hytteforeininga på Markosen
tek på seg oppgåva å merke og vedlikehalde stiar til fjelltoppar i området
rundt Markosvatnet. Hytteforeininga
viste at dei kunne arbeide saman og når vi fekk straum til hyttene. Dette arbeidet skulle være enklare og ikkje
så omfattande. Vi kan organisere arbeidet i grupper som kan ta ansvar for
merking og vedlikehald av enkelte stiar/løyper.
Alle hyttesuldølar ved Markosen som brukar heia deltar i vedlikehald av
stiane som ryddign, når dei går der.
Samarbeid med Suldal kommune og andre
Det viste seg at Suldal kommune var i gang
med merking av turstiar i kommunen, så dette prosjektet vart godt tatt
mot. Suldal kommune kunne bidra med
skilt og informasjonstavle frå Asker produkt. http://www.askerprodukt.no. Dermed kan merkinga av området ”vårt” gjerast
i same standardarden som resten av kommunen (og landet). Kommunen kan og syte for maling, eller
malingskode slik at alle merke får same farge.
(avhengig av budsjett) Kontaktperson i kommunen er Erik Walter Wold.
Grunneigarane for området mellom
Markosvatnet, Raudafjellsnuten, Månastølsnuten og Nøkkjarvatnet er kontakta om
merkinga. Dei var velviljen sjølv, og
meinte det var hyggelig at folk bruka heia.
Dei hadde ein føresetnad for bruk av heia: HUNDAR MÅ HALDAST I
BAND. Grunnen til det er at
området er beite for sauer, og jakt.
Suldal Turlag er etablert i år. Turlaget har planar om mange fine turar i
heile sumarhalvåret. Opplysningar om
turar og om laget finn ein ved å søke ”Suldal turlag” på Google.
Kva stiar skal vi merke?
Eg vil rå til at vi startar på vestsida av
Markosvatnet, mot Raudafjellsnuten og Månastøsnuten. Forslag til stiar er:
Frå Markosvatnet til:
1.
Raudafjellnuten
2.
Månastølsnuten
3.
Gjøvrå
4. Rundløype frå Markosvatnet rundt Augnastølvatnet
Oppmodar å sjå på kartet.
Oppgåver som må gjerast
Under føresetnad om at Hytteforeininga tek
på seg oppgåva,
1.
finne fram til kven som er
interesserte i å merke dei ulike stiane, og lage merkelag
2.
grovmerke stiane, gjerne saman
med kjentfolk som er kjende med gamle stiar som er gjengrodde
3.
merke stiane med malingsflekker
på trer og steinar
4.
setje opp informasjonstavle
over stiane. Forslaga er å plassere den
på parkeringsplassen på Markosen
5.
setje opp skilt som viser
stiar og retningar
6.
setje opp informasjonsskilt om
stadnamn langs stiane. (eksempel er
gamle stølar, vatn/kjørnar og ??) Her er
det mange som kan yte hjelp.
7.
rydding av kratt langs dei
valde stiane. Kraftig greinesaks er
hendig å bruke til dette arbeidet.
Kor skal vi starte
1.
På årsmøte påskeaftan 2014
vurderer ein om Markosvatnet hyttefelt skal ta på seg oppgåva å merke og halde ved
like stiar rundt Markosvatnet.
2.
Årsmøte finn og fram til
person/personar som kan koordinere arbeidet.
3.
Etablering av ei gruppe for
kvar sti.
4.
Kvar gruppe lagar plan for
sitt arbeid
Eg (Jostein Kleiveland) kan ta ansvar for å
merke løypa frå Sabrunå til Månastølsnuten og attende.
Invitasjon til merketur til Månastølnuten søndag 8. Juni
Eg inviterer til tur frå Sabrunå (Markosvatnet)
til Månastølnuten søndag 8. juni.
Frammøte Sabrunå klokka 1000. Samstundes som vi går ein fin tur skal vi
merke løypa (dersom der er opphald), og rydda litt. Men det viktigaste er turen, kose oss saman
og bli kjent med ruta for dei som ikkje er kjende frå før.
Ta med matpakke og drikke,
sitjeunderlag, nyslipt øks og/eller
greinesaks. Godt humør er ei lett bør.
Kontakt til Suldal Kommune
Dersom hytteforeininga tek på seg oppgåva,
kan eg være kontaktperson til Suldal kommune.
Eg ser fram til avgjera.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home